Dagens leiar

Lokal barnefattigdom i Eid og Selje

Aps Siri Sandvik ønskjer handlingsplan for å motverke sosial ulikskap mellom barn og unge.

I 2016 var det 115 barn i Eid og 36 i Selje som vaks opp i såkalla låginntektsfamiliar.  Foto: Arkiv

Barn skal ha gode og trygge oppvekstvilkår.

Meiningar

Ho vil barnefattigdom til livs, og får massiv støtte frå andre parti i Eid kommunestyre.

Barn skal ha gode og trygge oppvekstvilkår. Likevel har barnefattigdom auka i Norge siste åra. Også i vårt eige lokalsamfunn er det ein del familiar som slit økonomisk og har utfordringar.

I 2016 var det 115 barn i Eid og 36 i Selje som vaks opp i såkalla låginntektsfamiliar.

Fattigdom påverkar barn på fleire område. Å la barna vere med i organiserte aktivitetar er ei utfordring, fordi pengane til familiane ikkje strekk til til høge treningsavgifter. Dermed fell barna utanfor på ein arena der barn og unge kan treffe andre på sin eigen alder. At dei ikkje får vere med kan føre til at det er vanskeleg å få vennar og at ein er meir utsett for mobbing.

Vigdis Heimdal Reksnes (SV) karakteriserte i kommunestyret sist veke at det er skremmande at 9,2 prosent av barna lever i hushald med vedvarande låg inntekt. 77 prosent av desse barna har foreldre med innvandrarbakgrunn. Vi er einige i at det er høge tal.

At vi har fått BUA på Nordfjordeid, der alle som ønskjer kan låne gratis utstyr, kan vere med på å lette kvardagen for familiar. Det er ikkje naudsynt å kjøpe alt av utstyr for at barna kan vere med på ting.

Så kan kvar av oss gå i oss sjølve, kanskje invitere med barn frå klassa til din eigen unge med på aktivitetar, som aking på Tua. Ting som er moro, sosialt og som ikkje kostar. Vi kan verte meir medvitne på at det ikkje alle har det like godt.

Vi vil gi ein honnør til politikarane som engasjerer seg i dette.