Dagens leiar

Gode rutinar – viktig

Eid kommune har valt å innføre oppdaterte rutinar for varsling.

Formålet med varsling må vere at ein skal lære av feilgrep. Nettopp difor er det viktig at varsel får ei ugild og målretta behandling.   Foto: Olin Maria Yri

Formålet med varsling må vere at ein skal lære av feilgrep.

Meiningar

Dette kjem som ein følgje av at kontrollutvalet i kommunen bad Kommunerevisjonen for Nordfjord gå gjennom kommunen sine varslingsrutinar. Ein del saker, omtalt i Fjordabladet tidlegare, har vist at dette har vore ein naudsynt prosess. Det som er bra med dei oppdaterte rutinane, er at det aldri blir hefta tvil om at det både skal vere lett og at det er viktig å varsle. Like viktig som at tilsette blir oppmoda om å varsle, er det at det ikkje på nokon måte skal førekome straff dersom ein varslar om kritikkverdige forhold.