Dagens leiar

To øre meir

I den nye regjeringsplattforma er det sagt litt om at regjeringa har «ein plan» for å jamne ut nettleiga.

Det absolutt mest rettferdige ville vere at nettleiga var lik uavhengig av kor mange som skal dele på drift og investeringane i nett.  Foto: Anna Wuttudal

Nei, bytt ut «jamne ut» med lik!

Meiningar

Kva som er skilnaden på å jamne ut og seie lik nettleige i heile landet må regjeringa sjølv svare for. Uansett så er det bra at dei svært urettvise skilnadane i nettleige blir «jamna» ut, sjølv om det absolutt mest rettferdige ville vere at den var lik uavhengig av kor mange som skal dele på drift og investeringane i nett.

For å illustrere litt av urettvisa, så kan vi samanlikne med ein del andre ting. Norsk Rikskringkasting (NRK) sløkte FM-nettet og innførte DAB. Alle måtte ha DAB-radioar, i heimar bilar, på hytta og på sjøen. Det er også slik at NRK sender TV-program på fleire kanalar. Men det har seg slik at det er ein del innbyggarar i dette landet, helst i litt meir avsidesliggande strok, som ikkje får inn alle signala frå DAB eller alle TV-kanalane. Så er spørsmålet; Får desse abonnentane nedsett Nrk-lisens. Sjølvsagt ikkje.