Urettferdig nettleige

At di postadresse skal ha så mykje å seie for kva du må betale i nettleige er blodig urettferdig.

Sogn og Fjordane er den nest største kraftprodusent i landet. Likevel er straumen dyrast.   Foto: Olin Maria Yri

Det straffar seg å bu i grisgrendte strøk, sjølv om det vert produsert meir straum på Vestlandet enn i Oslo.

Meiningar

Prisen vert avgjort av kor ein bur og kven som eig kraftnettet i området.

Som du kan lese i dagens avis må du betale 4.629 kroner meir i årleg nettleige om du bur på Nordfjordeid enn i Oslo, om du har eit forbruk på 15.000 kWh per år.