Samarbeid med Nordfjord

Ordførar i Hornindal og leiar av fellesnemnda for nye Volda kommune, Stig Olav Lødemel, ber om debatt i Nordfjordrådet om framtidig samarbeid over nye grenser.

Vi er samde med Selje-ordføraren i at eit regionråd i Nordfjord som berre omfattar Stryn, Gloppen og Stad, blir eit lite regionråd.   Foto: Anna Wuttudal (arkivfoto)

At nye Volda kommune skal ha så rørande omsorg for nordfjordingane no er for godt til å vere sant.

Meiningar

I prinsippet er samarbeid positivt, men det er eit paradoks at ein ordførar som ikkje lenger ønskjer å vere del av Nordfjord, og som trur det skal bli så mykje betre å vere gift med brura frå Volda, no tek til orde for at ein må samarbeide om fleire oppgåver.