Dagens leiar

Ikkje farleg nok

Vgs-elevar frå Haugen får ikkje gratis skuleskyss til Eid vidaregåande skule, og no krev foreldre at noko blir gjort.

Ilustrasjonsfoto.  Foto: Tormod Flatebø

Strekninga mellom Haugen og Nordfjordeid er tydelegvis ikkje farleg nok.

Meiningar

Foreldre og elevar er bekymra for den trafikkerte og dårlege skulevegen og synest det er urimeleg at det vert forventa at vgs-elevar skal gå eller sykle over fem kilometer på ein svært trafikkert riksveg 15 med 80-sone. Her manglar både gatelys og vegskulder på veg til og frå skulen på Nordfjordeid. Vi forstår svært godt frustrasjonen.