Ta ballen Erna!

Trygve Slagsvold Vedum og me i Senterpartiet vert skulda for å vera populistar når me kritiserer regjeringa sin politikk. Særleg vert retorikken eit tema når me har gode meiningsmålingar.

Aleksander Heen er andrekandidat til Vestland Sp ved det komande fylkestingsvalet.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Eg tenkjer det er fint at regjeringa er oppteken av oss, tydeligvis er me plagsomme for dei. Det som er mindre bra er at Erna ikkje vil ta debattane. Ho skuldar Vedum og Sp for populisme og kynisme når me peikar på at regjeringa ikkje følgjer opp Stortinget sitt bestandsmål om ulv. Eller at statlige tenester som til dømes lensmenn og skattekontor vert flytta vekk. Eller at kommunar og fylket vert slegne saman utan at innbyggjarane vil. Eller at folk ikkje skal få post meir enn anna kvar dag. Eller at kontora der ein kan få ordne med førarkort og vognkort no skal bli større og færre. Lista er lengre.

Det er ganske merkelig at våre standpunkt om distrikt, kommunar, sentralisering og rovvilt no er blitt populistisk når me har meint stort sett det same i mange tiår.

Poenget er at Senterpartiet er usamde i regjeringa sin politikk, og ynskjer ein offentleg debatt om det. Det er synd at statsministaren ikkje tek denne debatten, men tek mannen ved å sei at dei som er usamde i politikken ho fører er kyniske populistar. Me kjem til å fortsette å kjempe for tenester nær folk. Ikkje fordi me er populistar, men fordi me meiner det er bra for folk og land. Skal ein sikre busetjing og verdiskaping i alle landet sine store og små grender må me som produserer straumen, jobbar i industrien, lagar maten, fiskar fisken, hogg skogen og tek i mot turistane kjenna oss like mykje verd. Me må ha dei same tenestene og kjenna på den same tryggleiken. For dei yrka og dei verdiane som vert skapt av å nytta naturen er det ikkje plass til i byane. Difor må me ha ein politikk for heile landet.