Dagens leiar

Vanskeleg tid

Slutten av året vart tung. Ulykka der Anne Sæthre og Marit Røed Sundal vart påkøyrde og drepne medan dei gjekk kveldstur er både meiningslaust og uforståeleg.

Det har vore ei vanskeleg tid etter ulykka i Kjølsdalen.   Foto: Inger Træen

Kjensla av tryggleik rundt oss er essensiell.

Meiningar

I den botnlause sorga hos familiane og vennane viser bygda styrke – med å stille opp for kvarandre.

I dag er det eit heilt bygdesamfunn i Kjølsdalen som tek farvel med dei to kvinnene. Dei viser samhald og varme.

Ei vanskeleg tid har det også vore for dei 19 innbyggjarane i den vesle bygda Navelsaker. Vegen er open, men slett ikkje reparert. Verken skulebuss eller mjølkebil har køyrt til Navelsaker etter at det rasa på den einaste vegen til bygda. For bygdefolket opplevast det utrygt å køyre vegen dagleg.

Med den forverringa som no har skjedd i romjula, er situasjonen ikkje lenger haldbar for folk og næringsdrivande i Navelsaker. Det må gjerast strakstiltak. Skal det bli trygt må det byggast tunnel, fastslår ordførar Alfred Bjørlo. Vi er samd i at dette er det einaste som kan gi varig løysing for bygdefolket i Navelsaker.

Eit nytt jordras i Skredestranda nyttårsaftan minner oss om at vi bur i eit område med utfordringar. Når vêr og vind gir stengde vegar, tilpassar vi oss. Men kjensla av tryggleik rundt oss er essensiell.

I Kjølsdalen har det resultert i at folk har gått saman for ein sikrare skuleveg etter dødsulykka. Sidan 2015 har ein kjempa for ein trygg skuleveg. For å senke fryktnivået etter ulykka har ein no laga ein alternativ gangveg på dugnad – i staden får å gå på same gangvegen no i tida etter ulykka.

– Ulykker kan skje uavhengig av kor mange tiltak ein set i verk. Det viktigaste er at ein gjer alt som står i vår makt for å unngå dei, seier rektor Thomas Poul Reines Hals i dagens avis.