Dagens leiar

Godt nytt år

Framfor oss ligg eit nytt år, nye utfordringar og nye forventningar.

Vi i Fjordabladet vil takke for 2018 og ønskje alt godt for 2019.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Kanskje er det nettopp deg som skal flytte heim og vere med på veksten og optimismen.

Meiningar

Rundt oss i Eid er det ei positiv utvikling med tilflytting, mykje byggjeaktivitet og optimisme. Vi har ein visjon om at vi som lokalavis skal vere med å bidra til positiv utvikling av lokalsamfunnet. Det skal vere godt å vekse opp, jobbe og bu her. Eldre skal sikrast ein verdig alderdom.