Nyttårshelsing frå ordførar Alfred Bjørlo

Å møte framtida saman

I haust vitja eg Sogn og Fjordane Røde Kors si haustsamling på Skei. Der var einsemd og utanforskap blant ungdom og eldre eit viktig tema. Kvar fjerde ungdom og kvar tredje eldre i Noreg opplever einsemd som ei plage i livet sitt.

Nyttårshelsing: Ordførar Alfred Bjørlo kjem her med ei helsing til innbyggjarane.  Foto: Privat

Meiningar

Røde Kors ga ei utfordring til ettertanke. Er det mogleg å ha ein visjon om at INGEN i Eid skal føle seg utanfor - at ingen skal vere aleine utan å ønskje det? Ein visjon som ikkje berre er «for dei som jobbar i kommunen», men eit felles mål for skular, bedrifter, institusjonar, lag og organisasjonar og kvar einskild? Torer vi det? Er det mulig?

Éin ting er eg i alle fall sikker på: Vi kan lage eit lokalsamfunn med meir rom for store og små fellesskap i kvardagen.

I 2019 fyller Operahuset Nordfjord ti år. Den tilsynelatande ville idéen om å bygge eit operahus på bygda som del av ein vidaregåande skule, har synt seg som ein større suksess enn nokon kunne drøyme om. Operahuset har blitt eit all-aktivitetshus der folk møtes på tvers av generasjonar, der alle born som veks opp i Eid får oppleve å stå på ei scene saman, eit hus som sydar av liv og aktivitet frå morgon til kveld.

Denne type møteplassar er gull verdt. Vi treng fleire av dei - og vi må opne augene for at dei er viktige for samfunnet og den einskilde, ikkje berre «pynt og fjas».

Eg er utruleg glad for at vi no har fått vår eigen «bypark» på Nordfjordeid, Sagaparken, som allereie har blitt ein samlingsplass på tvers av generasjonar - samtidig som Eidsgata også har fått nye, gode møteplassar inne og ute.

Eg er også imponert og stolt over den enorme dugnadsinnsatsen som blir lagd ned mange stader i Eid for å bygge naturmøteplassar, nær-turløyper, gapahukar og turhytter til fri bruk for alle - og flotte nærmiljøanlegg for leik og aktivitet rundt skulane våre.

Samtidig har vi fått på plass BUA Eid, som gjer det mulig for alle uansett livssituasjon og økonomi å låne sports- og fritidsutstyr. Dette heng saman - dette er å byggje fellesskap og motverke utanforskap i praksis.

Gode møteplassar treng vi også heilt nær der folk bur. Når vi no byggjer nye bustadfelt i kommunen vår, blir leikeplassane bygd fyrst. Å legge til rette for fellesskap i nabolaget er like viktig som vatn, straum og fiber.

Når Eid no er i vekst, trur eg ein viktig årsak er at vi har blitt eit meir ope og inkluderande lokalsamfunn. Ein stad der folk kjenner seg velkomne - i nabolaget, i bygda, i kommunen. Uansett kven vi er, kvar vi kjem frå og kva ballast vi har med oss i livet. Eit samfunn med gode møteplassar, gode fellesskap og opne dører. Eit samfunn med tillit til kvarandre. Det skal vi byggje vidare på - stein for stein - inn i framtida.

Takk for året som har gått, og velkomen til 2019. Vi har mykje kjekt i vente!