Dagens leiar

Takk og god jul

Dagane er mørke og lange. Julekakene er baka, og julevasken er kanskje unnagjort. Og ikkje minst- den lange lista over julegåver som skal kjøpast kan kryssast ut. Eller ein kan ta livet litt med ro, og gjere unna berre det mest naudsynte til jul.

God jul til dykk alle.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Når vi no går inn i jula så ver flinke til å huske på kvarandre, og set pris på det du har.

Meiningar

For mange går vi inn i ei helg som er prega av stress for å få alt klart til julefeiring, der det å halde kviledagen heilag vart omgjort til skitnesøndag. Butikkane er søndagsopne, og for våre lokale butikkar er det ei viktig helg for lokal handel – som kan vere med på å halde butikkane opne for oss resten av året. Det er ikkje sjølvsagt at butikkane vi er vande med å ha i lokalsamfunnet vårt også er der neste år.