Dagens leiar

Draumetomt i utkantbygd

Tredveåringen Odd Kjetil Liseth har funne draumetomta, og vil byggje hus på Midthjell. Men så enkelt er det ikkje.

Teknisk- og samfunnsutvalet har avslått Odd Kjetil Liseth sin søknad om å byggje hus på Midthjell.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

På Midthjell er det nesten 30 år sidan det blei bygd eit nytt hus.

Meiningar

No har teknisk- og samfunnsutvalet – med knappast mogleg fleirtal- avslått søknaden hans. Han får verken frådelt tomteareal eller lov å byggje – på ei tomt som er i eit uregulert område som er definert som uproduktiv skog.

No lurer han på om dei ikkje vil at det skal bu folk utanfor sentrum i Eid? For på Midthjell er det nesten 30 år sidan det blei bygd eit nytt hus.

I teknisk – og samfunnsutvalet uttrykte Nikolai Åshamar (Sp) at han ønskte synfaring, også fordi han ikkje heilt hadde forstått grunnlaget for at rådmannen tilrådde avslag på søknaden. Det var også andre politikarar som støtta ønskte om synfaring for at dei med eigne auge kunne vurdere, men fleirtalet stemde imot.

Vi undrar oss over dette.

Det hjelper ikkje at det sit politikarar som uttrykker at dei i utgangspunktet synest det er flott at nokon vil flytte til Midthjell, samtidig som ein ikkje er villig til å reise ut og sjå på det som kan få store konsekvensar for nokon i framtida.

Saka kan trekkast parallellar med ei liknande sak i den fråflyttingstruga bygda Søreide i Høyanger kommune. Alle jubla for det første nye huset i bygda sidan 1999 – før Fylkesmannen sa nei. Her vart det mellom anna vist til jordvernet.

På Midthjell er det grunneigar på vegner av Liseth som har søkt om dispensasjon og løyve til frådeling. Etter vårt syn bør ein legge vinn på å få utbygging også i utkantbygdene.

Vi meiner at kommunen bør strekkje seg langt for å imøtekome ønskje som innbyggarar har for å skape seg ei framtid, - også utanfor Nordfjordeid sentrum.