Uro i Eid kommune

Eid kommune har eit stort overforbruk av pengar.

Ein må sjå kva ein får ut av pengane, og luke vekk det ein strengt tatt ikkje behøver akkurat no.  Foto: Arkiv

Vi må ha modige politikarar som torer å seie kva dei vil.

Meiningar

Budsjettutfordringa i Eid er på heile 26 millionar kroner, og ein må omstille drifta. Det må sparast inn så det monnar, og rådmannen har tidlegare uttrykt at ho søv dårleg.

I dagens avis kan du lese det kjensleladde brevet frå hovudtillitsvald og leiar i Fagforbundet i Eid kommune. Barbro Os Noste uttrykkjer at det er mange som ikkje søv godt om natta. Uro for stillingskutt går gjennom heile organisasjonen.

Fagforbundsleiaren si bekymring seier litt om alvoret. Ho påpeikar at alle er klinkande klar over den økonomiske stoda i Eid kommune, og forstår at alle må ta i eit tak.

Dei som jobbar «på golvet» er i dag allereie hardt pressa. Fortvila tilsette fortel om ein hektisk kvardag der ein ikkje får gjort alt ein skal, bør og må. Dei tilsette føler dei ikkje strekkjer til, og dette går også ut over tenestemottakarane.

Det er stor uro rundt i organisasjonen – fordi det blir snakka om store personalkutt. Det er umogleg å kome unna innsparing på personale.

Også Utdanningsforbundet Eid er uroa. Dei kjenner smertegrensa er nådd, og meiner det er vanskeleg å sjå korleis ein skal klare dei innsparingane som ligg framføre oss utan at det skal gå ut over kvaliteten på tenestene.

Det er krevjande for alle partar. Vi er samd med Fagforbundet som påpeikar at ein ikkje må sette svake grupper opp mot kvarandre, samstundes som ein skal vere pilotkommune, føregangskommune og ha flotte parkanlegg. Det harmonerer ikkje. Det kan ikkje vere fint berre utanpå. Ein må sjå kva ein får ut av pengane, og luke vekk det ein strengt tatt ikkje behøver akkurat no.

Og så må vi ha sterke politikarar, som er modige nok til å reise bust mot administrasjonen, og som torer å seie kva dei vil.