Utdanningsforbundet Eid:

Kjenner at smertegrensa er nådd

– Det er vanskeleg å sjå korleis ein skal klare dei innsparingane som ligg framføre oss våren 2019 utan at det skal gå ut over kvaliteten på tenestene.

Urolege: Styret i Utdanningsaforbundet Eid er uroa over den krevjande budsjettsituasjonen i Eid. Frå venstre: Torill Espelund (styremedlem barnehage) Sølvi Leivdal Taklo (nestleiar) , Gro Iren Nedreberg (leiarrepresentant), Mirjam Bruvoll (lokallagsleiar), Tone Flem Ulvestad (styremedlem vidaregåande opplæring), Mariann Hatlenes (styremedlem barnehage) og Liv Olene Lode Hatlegjerde (styremedlem vidaregåande opplæring)  Foto: Privat

Ein har sett kvarandre i korta, stilt kvarandre vanskelege spørsmål, hatt mange gode diskusjonar og prøvd å kome med konstruktive forslag til innsparingar

Meiningar

Det skriv styret i Utdanningsforbundet Eid i ein uttale der ein uttrykkjer uroa over budsjettsituasjonen i Eid kommune.


 

Krevjande prosessar

–Over fleire år har vi vore gjennom krevjande prosessar for å finne best moglege løysingar for dei kommunale tenestene innanfor kommunen sine økonomiske rammer. Då det vart gjort kjent i konsekvensjustert budsjett for 2019 at kommunen hadde nær 27 millionar i utfordring for å oppretthalde drifta som i dag, skapte dette uro i avdelingane. Dei tilsette vart uroa for arbeidsplassen sin, og mange uttrykte uro for om rammene ville bli for stramme til å kunne levere god nok kvalitet på tenestene, særleg dersom ein blir færre tilsette, skriv Utdanningsforbundet Eid i ein uttale og viser til at dei tillitsvalde i år har hatt eit tett samarbeide med administrasjonen og avdelingsleiarane i budsjettarbeidet.

Ny arbeidsmetode

–Ein har arbeidd på ein ny måte og sett rammeområda samla under eitt. Ein har sett kvarandre i korta, stilt kvarandre vanskelege spørsmål, hatt mange gode diskusjonar og prøvd å kome med konstruktive forslag til innsparingar. Dette har ikkje monna nok. Slik det ser ut i dag, skal oppvekst og kultur spare nær fem millionar kroner gjennom samordning i 2019, i tillegg til dei kutta som allereie er lagde inn i konsekvensjustert budsjett. Dette vert krevjande.

Ikkje ostehøvel

–Som fagforeining er vi glade for at politikarane har valt å gå for administrasjonen sitt forslag om å sjå på innsparingspotensiale gjennom samordning fram mot ny kommune, i staden for å gjere kutt i sektorane etter ostehøvelprinsippet. Utdanningsforbundet sine medlemar kjenner at smertegrensa er nådd, og mange er innstilte på å tenkje nytt i prosessen med å leite etter løysingar på dei økonomiske utfordringane. Sjølv om det er endringsvilje i organisasjonen og blant dei tilsette, er det viktig å vere tydeleg på kva konsekvensar dei store økonomiske innsparingane som ligg på trappene vil få både for tilsette, barnehagebarn og elevar i kommunen. Som fagorganisasjon har Utdanningsforbundet eit sterkt ønskje om å få delta i prosessen som ein rådgjevar innanfor oppvekstfeltet, og arbeide saman med politikarane som barnehage- og skuleeigar, skriv styret i Utdanningsforbundet Eid i uttalen og understrekar samstundes at det er viktig å finne fram til gode løysingar i fellesskap.

–Vi trur at endringar som er forankra blant dei tilsette i organisasjonen, er lettare å gjennomføre på ein god måte, enn endringar profesjonen ikkje står inne for.

Tre viktige faktorar

Stad kommune har som mål å bli blant dei beste kommunane i Noreg innanfor skule/utdanning og kultur. Dette er eit mål det står respekt av. Utdanningsforbundet er glad for at politikarane er tydelege på dette målet for barnehage og skule, samstundes som vi har stor respekt for den jobben som må til for å kome dit. Kvalitet i arbeidet kvar dag er nøkkelen. For å nå dette målet, meiner Utdanningsforbundet at det er tre viktige faktorar ein må prioritere.

Kvalifiserte lærar

Alle barn på alle nivå i utdanningsløpet skal ha ein kvalifisert lærar. Dagens skule har ei meir mangfaldig elevgruppe enn tidlegare, noko som stiller større krav til lærarkompetanse både i fag, didaktikk og pedagogikk. For å organisere gode og produktive læringsprosessar for barn og elevar på alle læringsnivå og med ulike forkunnskapar, krevst det høg kompetanse hos lærarane, og ulike tilnærmingar til læring, vurdering og tilrettelegging.

Nok pedagogar

Vidare er det viktig med god nok grunnbemanning i barnehagane og skule til det beste for barna, dei unge og dei tilsette. Mange nok pedagogar gjennom heile barnehagedagen, som kan strekke seg over 10 timar frå opningstid til stenging, er avgjerande for å møte dei ambisiøse krava og forventningane som vert stilt til barnehagane i dag. Mange nok pedagogar i klasserommet er avgjerande for å sjå den enkelte elev og gi alle god nok og tilpassa undervisning. Dette tek også vare på dei tilsette, som i svært stor grad er opptekne av å levere gode tenester.

Trygge arbeidsplassar

Rekruttering av kvalifiserte lærarar er naudsynt for å vidareutvikle barnehagen og skulen som vi har i Eid kommune i dag. Det har blitt vanskelegare å få mange nok og godt nok kvalifiserte søkjarar til lærarstillingar i barnehage og skule. Eid kommune må vere ein god og attraktiv arbeidsgjevar om vi skal få nok kvalifiserte lærarar i ein stadig trongare arbeidsmarknad. Signalet i intensjonsavtala og budsjettprosessen om at ingen skal miste jobben som følgje av samanslåing med Selje, er difor eit viktig signal, både til dei som arbeider i kommunen i dag, men også for framtidige arbeidstakarar. Utdanningsforbundet meiner at for å gjere seg attraktiv for kvalifiserte arbeidstakarar er det viktig med trygge arbeidsplassar, gode rammevilkår, sterke fagmiljø og gode lønns- og arbeidsvilkår.

Kvalitet

–Det er vanskeleg å sjå korleis ein skal klare dei innsparingane som ligg framføre oss våren 2019 utan at det skal gå ut over kvaliteten på tenestene. Lærarane i barnehage og skule er likevel klare til å snu alle steinar for å finne dei beste løysingane for barn, elevar og tilsette. For medlemmane i Utdanningsforbundet er kvaliteten på tilbodet til barn og unge det viktigaste, skriv Utdanningsforbundet Eid som kjem med ei oppmoding om at barn og unge i Eid må få oppleve ein kvardag i barnehagen og skulen der kvaliteten står i høgsetet.