Strålande Annie

Musikalen Annie sitt møte med publikum blei ein suksess sist helg

Annie vart ein stor suksess sist helg.   Foto: Inger Træen

I kulturen er det annleis. Her klarer ein å samarbeide.

Meiningar

Nesten fire fulle operahus klarte Opera Nordfjord å samle frå fjern og nær. Annie sette rett og slett fyr i publikum.

Advent er ei travel tid for Operahuset Nordfjord. Advent betyr fulle hus for dei. Over to tusen kjem til operahuset første halvanna veka i desember. Artistar står i kø for å opptre for nordfjordingane, og sette oss i julestemning. For operahuset er dette gode inntekter, men operahuset fyller også ei viktig samfunnsrolle i regionen.

Kommunane i Nordfjord klarte ikkje å sameinast om ein felles kommune, og vert i praksis delt opp, med Hornindal som går til Sunnmøre og Vågsøy som går til Sunnfjord.

Men i kulturen er det annleis. Her klarer ein å samarbeide. Annie er eit vitne på det, der barn frå heile Nordfjord har brukt vekevis på øving og terping for at alt skulle sitte. Foreldre har stilt villig opp for å køyre og vere med som støtteapparat.

Resultatet var ein eventyrleg musikal der publikum var over seg av begeistring.

Sist veke vart den nye kulturmeldinga lagt fram. Hovudbodskapen i meldinga er at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og at eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati.

Det å ta del i kulturaktivitetar er verdifullt for den enkelte, og inneber også at ein blir vand med å møte eit mangfald av meiningar og ytringsformer.

I kulturmeldinga heiter det at målet om å skape kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet må liggje til grunn for kulturpolitikken. Kva ein får til her heime i Nordfjord må vere fasiten for kva resten av landet.

Vi takkar kvar og ein her i Nordfjord som gir oss allsidig kultur gjennom heile året. Utan kulturen hadde vi vore fattige.