Roleg førjulstid

Fleire stadar har allereie arrangert årets julegrantenning – andre skal ha ei markering i dagane som kjem.

Laurdag var store og små samla til opning av julegata og tenning av juletre.   Foto: Inger Træen

Å ha tid saman er noko som bør prioriterast.

Meiningar

På Nordfjordeid vart ny julebelysning i Eidsgata markert på sjølvaste nisjebutikkens dag. Vi tør hevda at det er lenge sidan det har vore så mykje folk i førjulsfakkeltoget på Eid – denne gong i bitande kulde.

Vi nærmar oss adventstida. Den fine tida der vi fyller huset med lys når dagane er som mørkast.

Dette er tida då juleførebuingane skal gjerast. Enkelte har forsøkt å utvide førjulstida til også å inkludere både november og oktober. Julemarsipanen har for lengst inntatt butikkhyllene.

Nokon opplever innkjøp av julegåver, pynting, kakebakst og matlaging som ei stressande tid.

I USA feirar dei Thanksgiving den fjerde torsdagen i november. Dette er ein årleg høgtids- og festdag – ein viktig takkefest. Her til lands har vi adoptert halloween, men det er kanskje denne takkefesten også vi burde ha begynt med. Ei tid for å takke for det vi har og vere saman med familien.

La adventstida vere tida for ettertanke – ei tid der vi kan senke skuldrene våre og nyte førjulstida. Ei tid for å glede andre – stikke innom nokon som du ikkje har sett så ofte i det travle livet vi lever. Kanskje sit det nokon i einsemd enten på omsorgssenteret eller i heimen sin du kan besøkje.

Dette er tida med sitrande forventningar hos barna våre. Enten det er å bake peparkaker saman eller klemme litt på pakkane.

Å vaske ned til jul er ikkje det viktigaste ein må gjere. Å ha tid saman er derimot noko som bør prioriterast, der fokuset er kvarandre og der mobilen får ligge i fred i veska.