Stor bustadbygging

Kva er grunnen til at Eid, saman med Førde er på topp i fylket når det gjeld bygging av nye bustadar?

At Eid har stor utpendling, altså at mange av dei som har bustadadresse i Eid kommune, fortel oss kanskje at det mange ser det som gunstig å bu geografisk i midten av ein region.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Utan denne innsatsen ville ting truleg sett heilt annleis ut!

Meiningar

Nokre svar på det spørsmålet er greie å svare på, andre litt meir utfordrande. I ei større sak som Fjordabladet hadde om pendling for rundt ei veke sidan kan vere éin peikepinn. At Eid har stor utpendling, altså at mange av dei som har bustadadresse i Eid kommune, fortel oss kanskje at det mange ser det som gunstig å bu geografisk i midten av ein region. Det gjer at ein kan bu i Eid, og ha jobben innan rimeleg avstand om den er i Gloppen, Stryn, Vågsøy, Selje, Vanylven eller Volda. Dette er viktig for alle, men kanskje spesielt viktig for ektepar eller sambuande, med høgare utdanning opnar det seg ein større arbeidsmarknad når ein bur sentralt i ein region.