Fornuftig nei til auka eigedomsskatt

Alle politiske parti i Eid avviser no forslaget om å auke satsen på eigedomsskatt frå tre til fire promille på privatbustader.

Illustrasjonsfoto frå Nordfjordeid.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Utfordringa for dei som byggjer nye hus og er i etableringsfasen, er store nok som dei er.

Meiningar

Alle politiske parti i Eid avviser no forslaget om å auke satsen på eigedomsskatt frå tre til fire promille på privatbustader. Når det manglar 4,3 millionar kroner for å få budsjettet i balanse, må dei ta andre kraftige grep for å få meir samsvar mellom inntekter og utgifter. Det må ikkje vere tvil om at Eid kommune har for høge driftskostnadar i forhold til overføringane kommunen får frå staten, og det må ein ta konsekvensen av. Her må ein snu alle steinar, enten det gjeld gåve- og blomsterbudsjettet eller talet på tilsette i rådhuset. Det gjeld ikkje minst dei ikkje lovpålagde oppgåvene, slik som enkelte parti har teke til orde for at ein bør sjå nærmare på.

Vi synest ikkje det er rett å sende rekninga til innbyggarane for å gjere opp for det uføret kommunen har kome opp i. Vi veit det blir tøft, men hadde det vore ei privat verksemd så måtte ein for lengst tatt grep.

Få saker har engasjert meir enn debatten rundt auke i eigedomsskatten. På sosiale media har det vore stort engasjement frå engasjerte og frustrerte innbyggjarar. Engasjement for lokalsamfunnet burde varme eit kvart politisk hjarte, sjølv om den allmenne debatt ikkje alltid er like presis. Det viktigaste i denne prosessen er at vi slar ring om dei viktigaste tenestene. Desse finn vi utan større diskusjon innan oppvekst, helse og omsorg.

Dersom ein ikkje klarer å finne nok gode tiltak for å balansere neste års budsjett, er det kanskje på tide at også næringslivet bidreg til fellesskapet gjennom eigedomsskatt. I mange av kommunane i Nordfjord har fordelinga vore lik både for næring og private, utan at det har ført til store utfordringar. Utfordringa for dei som byggjer nye hus er store nok som dei er, om dei ikkje også skal betale skatt på huslåna sine.