Misstydingar/uklarheit om forslag til namnsetting i Eid sentrum

Som forslagstillar ynskjer eg å kome med nokre kommentarar til det som stod i avisa tysdag den 13.november.

Sambygget. Bilete frå rundt 1940.  

Meiningar

For det fyrste synest eg det er greitt at Oppvekst- og kulturutvalet utsette saka for ein grundigare, og gjerne demokratisk prosess. Ein må vere open for ulike synspunkt og ulik verdsetting av vår lokalhistorie. Det er også greitt om mest mulig faktiske forhold kjem fram, for å gje grunnlag for vurderingane.

Eg har ein følelse av at noko informasjon manglar, når utvalsleiaren forstår innspelet mitt slik at ein plass ned i gata skal kallast Myklebust. Dette er sjølvsagt meiningslaust. Det var derfor noko av grunnen til at namna på desse tre personane (Krigskommissær Myklebust, Oberst Holtermann og Fanejunker Kjøsnes) frå vår lokale militærhistorie, er oppført med tittel/militær grad.  Plassen mellom Betania og Frislidbygget er derfor foreslått «Krigskommissær Myklebust`s plass». Ein kunne også brukt «Kaptein John Myklebust`s plass», men nemninga Krigskommissær er nok betre kjend. Så stiller nokon spørsmål ved kvifor akkurat her? Vi kan heller gje han ein vei eller plass bort på Myklebust!

På plassen mellom Betania og Frislidbygget stod det tidlegare eit hus som vart kalla «Sambygg». Om det var John Myklebust som fekk det oppført skal vere usagt, men i dette huset etablert han og kjøpmann H.D. Aasebø, Eid`s Privatbank A/S i 1911. John Myklebust var her banksjef i mange år. I «Sambygget» var også post og telegraf.

Ein annan grunn til å gje Krigskommissæren eit minnesmerke i sentrum, er den store innsats han gjorde som ordførar i Eid kommune gjennom 19 år. Den som vil oppdatere seg på kva dette betydde for Eid  og Nordfjordeid som t.d. skulesenter, kan lese på nettet.

Ein tredje grunn til å ha minnesmerke lett tilgjengeleg i sentrum, er tankar om at vi skal bli ei turistkommune. Det dei fleste turistar er opptekne av, er gjerne opplevingar og lokalhistorie.

Er ikkje vi då såpass stolte av vår lokalhistorie at vi ynskjer å dele den med desse turistane?

Det same skulle ein tru om historia knytt til Eksersisplassen. Det er ikkje her snakk om å fjerne dei innarbeide namna som «Plassen» (ei sivil forkorting av Eksersisplassen) og «Malakoff» (eit namn, mest sannsynleg Oberst Holtermann i utgangspunktet gav høgdedraget mellom Jektehola og Øyane).

Utan vår militærhistorie hadde det såleis heller ikkje vore noko «Malakoff Rockfestival». Då hadde det gjerne vore «Eid rockfestival» i staden, dersom det i det heile hadde eksistert eit eigna område for arrangementet). Namneforslaget er ein måte å heidre desse historiske personane, ved å knytte dei opp til eit område som dei i si tid virka på. Men igjen så vert det, etter mi meining, litt meiningslaust å knytte militære personar til ein militærhistorisk område, utan å bruke militær gradsnemning framfor namnet. Det ser ut til å vere litt ulike meiningar om dette, og det må vere lov. Nokon ser på det som pompøst, andre meiner det er militær nostalgi. Kanskje kan ein tenke seg at det også har kulturhistorisk verdi.

 Kvar 17.mai har vi glede av ein av våre største kulturberarar frå denne tida, Eid  Musikklag. Dei er eit direkte resultat av militærtida og bataljonsmusikken. Vi kan takke Fanejunker Kjøsnes for at Eid Musikklag vart etablert i 1913. Når så Musikklaget går «reveljen» og «tappenstreken» på nasjonaldagen vår, så er det ein del av vår unike lokalhistoriske kultur. Det er vel knapt nokon annan stad i landet dette skjer. Ut i frå den stadig aukande deltaking av festkledde personar, som marsjerer i takt under «tappenstreken»,  er det freistande å tolke det til, at ganske mange er stolte av vår lokale militærhistorie!

Endestasjonen for «tappenstreken» er på plassen ved det tidlegare Hærmuseet. Kva er då meir naturleg enn å ære Fanejunker Samuel Kjøsnes med denne plassen? Det er ikkje her Malakoff er, om nokon skulle vere forleda til å tru det.