Stad Skipstunnel: Tida inne for meir sjøtransport!

Sist veke la Statens Vegvesen fram ein ny, stor rapport om godstransporten på Vestlandet. Rapporten syner at sjøtransporten av gods ikkje berre har stått på staden kvil, men til og med blitt redusert, på Vestlandet sidan 2010.

Sist veke la Statens Vegvesen fram ein ny, stor rapport om godstransporten på Vestlandet.   Foto: Statens vegvesen

Meiningar

All - absolutt all - vekst i godstrafikk på Vestlandet dei siste åtte åra har skjedd på vegane. Ufattelege 1.600.000 tonn meir gods går på det vestlandske vegnettet i 2018 enn i 2010 - medan 900.000 tonn mindre blir frakta sjøvegen langs Vestlands-kysten.

I same periode har det pågått eit evinneleg, utmattande utgreiingsarbeid om sikring av det farlegaste havstykket på heile Vestlandet: Stadhavet. Stad Skipstunnel vil sikre ein trygg passasje forbi Stadhavet året rundt, og opne opp for stabile, faste ruter for både gods- og passasjertrafikk langs Vestlands-kysten. Stad Skipstunnel har brei støtte frå eit samla Vestland og eit samla næringsliv på kysten, og ligg inne i Nasjonal Transportplan med byggestart seinast i 2021.

Venstre meiner dei nye tala som Statens Vegvesen no legg fram, syner at vi ikkje kan vente lenger med å gjere fine festtaler om meir godstransport på sjøen til røyndom. Kua døyr medan graset gror - og godstransporten flyttar seg stading meir over til landevegen medan byråkratiet utgreier Stad Skipstunnel i nye rundar. 

Stad Skipstunnel er eit unikt og banebrytande prosjekt, som for fyrste gong vil syne næringslivet at Storting og Regjering meiner alvor med festtalene om å satse på sjøtransport. Det vil vere starten på ei ny tid for sjøtransporten, og vere med å avlaste presset mot eit stadig meir overbelasta vegnett i det sentrale austlandsområdet. Framtida bør vere direkteruter med båt frå Vestlandet til Europa - frå eit stadig meir verdiskapande Vestland.

Vi vil som Venstre-politikarar på Vestlandet på det sterkaste oppmode Storting og Regjering til å skjere gjennom. Tida for å bygge Stad Skipstunnel er no, og dei fyrste løyvingane til prosjektet må kome i 2019.