Folk bør seie frå

Kommunepolitikarane skal representere innbyggarane i kommunen.

«Næringsinteressene i Eid har benka seg saman solid i kommunestyret, seier ein mann som ikkje vil ha namnet sitt i avisa.   Foto: Arkiv (illustrasjon)

Meiningar

Dette seier ein litt oppgitt mann på telefon til Fjordabladet i samband med framlegget frå administrasjonen om å auke eigedomsskatten.

«Næringsinteressene i Eid har benka seg saman solid i kommunestyret. Først ekskluderer dei seg sjølv ved innføring av eigedomsskatt samstundes som dei blånektar kvar gong eigedomsskatt på næring kjem opp, med oppbakking av Venstre, Framstegspartiet, «partiet for folk felst», og med Kristeleg Folkeparti på slep.

Arbeidarpartiet har ved kvar kommunevalkamp argumentert for å innføre eigedomsskatt på næring for å lette byrdene for kommunen sine innbyggarar. Kanskje noko å tenke over for folk flest ved neste kommuneval. At denne praksisen har halde på i fem år, i motsetnad til kommunane rundt, utan at folk flest tar bladet frå munnen og protesterer er utruleg. Næringslivsinteressene i kommunestyret fornektar seg ikkje. At dei ikkje skjemmest!

Minstepensjonistar og andre grupper i kommunen, som ikkje har så mykje å rutte med, må bla opp, medan næringslivet med sterk rygg skjermar seg sjølv, seier mannen som ikkje vil ha namnet sitt i avisa.