Arbeidspendling

Fleire pendlar ut av Eid enn inn.

Eid si geografiske plassering midt i Nordfjord gjer at fleire ser det som attraktivt å bu her, og finne arbeid i høveleg reisetid i distriktet rundt.   Foto: Arkiv

Vi innbyggjarane må vise stoltheit for kvifor vi vel å bu distriktet.

Meiningar

Arbeidspendling ut av Eid kommune er på 765 sysselsette, medan pendling inn er på 564. Det er med andre ord 201 fleire som pendlar ut i høve til dei som pendlar inn. Dette plasserer Eid mellom dei ti kommunane i Sogn og Fjordane med lågast nettopendling.

Eid si geografiske plassering midt i Nordfjord gjer at fleire ser det som attraktivt å bu her, og finne arbeid i høveleg reisetid i distriktet rundt. Dette har vore med på å auke folketalet i Eid.