Eigedomsskatten

Ein eventuell auke i eigedomsskatten engasjerer og set sinna i kok hos mange av innbyggjarane i Eid.

Ein eventuell auke i eigedomsskatten engasjerer.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Ein auke i eigedomsskatten engasjerer og set sinna i kok hos mange.

Meiningar

Eigedomsskatten vart innført i Eid kommune for å dekke kostnadane med utbygging av nytt omsorgssenter. Den gong braut fleire parti valløfta sine. No kan det bli snakk om å auke denne skatten ytterlegare for å dekke inn ubalanse i rekneskapen.

Ein eventuell auke i eigedomsskatten engasjerer og set sinna i kok hos mange av innbyggjarane i Eid. Mange har valt å kommentere eigedomsskatten på våre facebooksider. Dei har uttrykt ein stor frustrasjon over ein kommune som har høg eigedomsskatt, og der rådmannen no foreslår å auke ytterlegare. Så må ein gjerne vere ueinig i måten dei har uttrykt seg. Kanskje nokon av dei skulle ha vurdert kommentarane sine før dei under fullt namn trykkjer send på tastaturet. Nokre av kommentarane er på grensa. Likevel har vi konkludert med at kommentarane som har vore på våre sider ikkje går over grensa, mellom anna fordi det ikkje er direkte sjikane mot nokon.

Ordføraren i Eid er usamd. Han vel å bruke talarstolen på kommunestyremøtet for å snakke ned Fjordabladet, på same måte som rådmannen har gjort tidlegare – på ein stad vi som lokalavis ikkje har høve til å kome med direkte tilsvar. Det er ikkje greitt.

Det er heller ikkje ein ordførar si oppgåve å redigere ei lokalavis, slik vi føler det no vert gjort forsøk på.

Sjølv om ordføraren meiner at «mobben» hausar opp kvarandre her lokalt, er det langt unna kva Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad og byråden for Miljøpartiet De Grønne i Oslo har måtte tole av kommentarar. Det er ikkje greitt det dei har fått gjennomgå.

Vi er samd med ordføraren om at alle har vi eit felles ansvar for korleis det offentlege ordskiftet foregår. Ein kvar av oss må gå i oss sjølve og vurdere kva ein skriv på sosiale media, gøymt bak eit tastatur i din eigen heim. Vi fryktar at barn og unge mobbar kvarandre, men dei har gode læremeistrar i oss vaksne. Korleis vi snakkar til kvarandre rundt middagsbordet er også med å forme korleis barn og unge tiltalar kvarandre.