KrF prøver igjen

Ordførar i Selje KrF, Stein Robert Osdal, tykkjer det er gledeleg at KrF legg inn 30 millionar kroner til oppstartløyvingar for skipstunnelen.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

KrF prøver igjen. Legg inn 30 million kroner til Stad skipstunnel for 2019 i sitt alternative statsbudsjett.

Vi fekk oss ein kalddusj når KS2 for Stad skipstunnel kom i mai. Makan til rapport skulle man leite lenge etter.

I haust håpte mange av oss at regjeringa tok affære og likevel løfta den inn i statsbudsjettet. Dessverre skjedde det ikkje og derfor vart dialogen med mitt parti viktig.

Då er det svært gledeleg at KrF har lytta til våre råd og innspel og i sitt alternative statsbudsjett legg inn 30 million krone til oppstartløyvingar for skipstunnelen. Går dette igjennom kan Kystverket starte arbeidet med grunninnløysing i 2019, i 2020 starte arbeidet med kontraktsregime. 2021 vert den fyrste salva sprengt.

Dette er ei utruleg viktig prosjekt for heile kysten. Trygg farled forbi eit av verdas hardaste havstykke. Gjev enorme ringverknadar for næringslivet, store miljøgevinstar med meir gods frå veg til kjøl, større BAS område for innbyggjarane i regionen og tunnelen vert eit trekkplaster i eit reiselivsperspektiv.

Håper no regjeringspartia fyl opp og at vi kan avslutte den endelause utgreiingmarerittet og kome i gang. Sjøfolka har krav på dette prosjektet no.