Arbeidsmiljø

Å ikkje gripe moglegheita til slike samtalar, som er viktig for begge partar, seier kanskje også noko om kva og korleis ein prioriterer?

Samtalen kan vere eit nyttig verktøy for å sikre eit forum for medverknad

Meiningar

Sist onsdag var det møte i Kontrollutvalet i Eid. Til dette møtet hadde utvalet bedt rådmannen i Eid om å kome og orientere om arbeidsmiljøet i Eid kommune. Bakgrunnen for utvalet sitt ynske hadde bakgrunn i medieoppslag om saker knytt til arbeidsmiljø i Eid kommune. Vi skal ikkje meine noko som helst om arbeidsmiljøet i Eid kommune, men det er interessant at kontrollutvalet ber om at det blir orientert om akkurat dette frå den administrative leiinga i kommunen. Men at kvar enkelt har krav og rett på eit godt arbeidsmiljø kan vi slå fast og meine mykje om. Arbeidsmiljølova, som stadig er under press, seier mykje om kva dette handlar om.