Kor blei det av den politiske diskusjonen?

Det er på tide at vi stiller spørsmål om kvifor valdeltakinga stadig blir lågare!

Kommunestyret i Eid. Illustrasjonsfoto.   Foto: Tormod Flatebø

Alle snakkar om openheit, men kor har all denne openheita blitt av

Meiningar

Etter at statsbudsjettet vart lagt fram den 8. oktober, veit dei fleste kommunar sånn nokon lunde kva dei får av midlar frå staten for 2019, sjølv om statsbudsjettet ikkje vert endeleg vedtatt i Stortinget før vi kjem endå nærare jul. Difor er dei fleste kommunar i full gang med sine budsjettprosessar. Dragkampane mellom dei politiske partia, om korleis midlane skal brukast, har vore interessant å følgje med på gjennom åra. Ikkje minst når ting spissar seg til før korta blir lagt på bordet i den avsluttande debatten i kommunestyret. For at demokratiet, og hensikta med val skal fungerer, er det viktig at innbyggarar i alle kommunar får innblikk i korleis dei ulike partia ønskjer å prioritere, både for det året ein går inn i og gjennom økonomiplan for åra som følgjer deretter.