Vi har hjartet på rett stad

Den siste tida har selskapet vårt vore i sentrum for ei stor VG-avsløring. Vi kjenner oss ikkje igjen i det biletet avisa har teikna av oss. Vårt mål med Sødermann har heile tida vore å hjelpe kommunane med å hjelpe dei svakaste innbyggjarane sine.

Petter Sødermann.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Då eg for fem år sidan starta opp selskapet Sødermann, var det for å kunne hjelpe kommunar med å bli betre i stand til å gje innbyggjarar med psykisk utviklingshemming eit betre tenestetilbod.

Denne gruppa er ei av dei svakaste i samfunnet vårt. Dei er i varierande grad avhengig av gode og tilpassa tenester frå den kommunen dei bur i. Og dei har i liten grad støttespelarar som står opp for dei og passar på at dei får dei tenestene som dei lovmessig har krav på.

Eg har arbeidd som vernepleiar i fleire år, i både små og store kommunar. Det eg såg i mitt arbeide som vernepleiar, var at dei ulike avdelingane i ein kommune ikkje alltid visste kva den andre gjorde.

I praksis inneber dette at ein kommune ikkje alltid har samla oversikt over tenestetilbodet dei yter overfor ein innbyggjar med psykisk utviklingshemming. Ei avdeling kan ha ansvar for at personen har eit godt butilbod, ei anna avdeling sørgjer for at han eller ho har eit godt aktivitetstilbod. Samla sett er det ikkje alltid at kommunen har total oversikt over alle dei tenestene dei yter overfor ein person med psykisk utviklingshemma. Når dei ikkje har denne oversikten, vil kommunen heller ikkje være i stand til å berekne kor store utgifter dei har på å gje ein psykisk utviklingshemma innbyggjar eit godt tenestetilbod. Økonomi, fag og organisering heng nøye saman.

Kommunane rapporterer dei som har diagnosen for å få dekka meir utgifter dei har på innbyggjarar med psykisk utviklingshemming. For å kunne rapportere til Staten om dette, må kommunane ha oversikt over kor mange personar med psykisk utviklingshemming som bur i kommunane, og dei må skaffe seg oversikt over kor store utgifter dei har.

Denne oversikten har ikkje alle kommunar. Og fordi dei manglar oversikt, betyr det at veldig mange personar med psykisk utviklingshemming ikkje får det tenestetilbodet som dei lovmessig har krav på.  Ifølge eit regjeringsoppnemnd utval frå 2016 er det truleg rundt 50.000 menneskjer i Norge med tilstanden psykisk utviklingshemming som ein ikkje veit om får den hjelpa dei treng og har krav på.

Det er også stor forskjell på kor god oversikt kommunane har over sine innbyggjarar med psykisk utviklingshemming. Denne forskjellen gjeld både for små og store kommunar. Til dømes, i Oslo og Bergen, er det registrert høvesvis 3 og 4,4 innbyggjarar med psykisk utviklingshemming per 1.000 innbyggjarar over 16 år. 

Det var dette eg såg medan eg jobba som vernepleiar. Og eg tenkte: Her kan eg gjere ein forskjell. Eg kan hjelpe kommunar med å bli betre på å hjelpe innbyggjarane med psykisk utviklingshemming.

Eg starta opp Sødermann i 2013 medan eg framleis jobba som vernepleiar. Eg var som gründerar flest: Full av pågangsmot, med manglande tolmod, ingen kundar og utan kontor. Men eg var i gong.

Så forfatta eg eit brev der eg skreiv dette som eg såg, og sende det til Oslo kommune. Oslo var nemleg i ei særstilling samanlikna med Bergen og også resten av landet, fordi andelen psykisk utviklingshemma låg langt under landsgjennomsnittet. Eg tenkte: Betyr dette at mange hundre innbyggjarar i Oslo ikkje får den hjelpa dei har krav på?

Det var i dette brevet eg skreiv den uheldige formuleringa «Oslo kommune har noen fantastiske muligheter». I dag kan eg ikkje gjere anne enn å be om orsaking for at eg uttrykte meg klønete, og eg ser at formuleringa kan mistolkast – slik VG har gjort. Men eg skreiv det i beste meining. Eg ønskte å hjelpe Oslo med å hjelpe dei svakaste innbyggjarane sine.

Sidan starten har Sødermann vekse. Vi har hjelpe fleire kommunar med å skaffe seg oversikt over innbyggjarar som har behov og krav på kommunale tenester, vi har hjelpe dei med å få oversikt over kva dei yt av tenester og vi har hjelpe dei med å gje innbyggjarar med psykisk utviklingshemming eit betre tenestetilbod.

Det kostar for ein kommune å gje innbyggjarar med psykisk utviklingshemming eit godt tenestetilbod. Det er nettopp difor Staten gjev kommunane ekstra overføringar. Det er ikkje slik at desse statlege overføringane ikkje kjem innbyggjarane med psykisk utviklingshemming til gode. Eit unntak her er brørne i Tolga, som VG prisverdig avslørde.

Vi i Sødermann er nettopp opptatt av å fortelje kommunane at dei statlege overføringane skal brukast til å gje innbyggjarane med psykisk utviklingshemming eit godt tenestetilbod slik at dei kan leve eit verdig liv.

I dag er vi 21 medarbeidarar i Sødermann med ulik bakgrunn og ulik kompetanse. Vi elskar arbeidet vi gjer nettopp fordi vi ser at vi gjer ein forskjell for dei svakaste.

Vi har hjartet på rett stad. Det smertar oss å sjå korleis vi har blitt framstilt i VG.