Fleire kvinner

Det er av demokratisk verdi at dei som styrer kommunen gjenspeglar innbyggjarane i kommunen. Men det krev at kvinner stiller opp og at nominasjonskomiteane jobbar godt med å auke delen dyktige kvinner som stiller til val.

Illustrasjonsfoto.   Foto: Tormod Flatebø

I Eid gir veljarane makta til mennene.

Meiningar

Fleire slit med å få kvinner til å stille på vallistene til kvart einaste val. I Eid gir veljarane makta til mennene. I dagens kommunestyre sit det i dag berre ni kvinner og heile 20 menn. Det representerer dårleg innbyggjarane i Eid. Vi må prøve å få ei likare fordeling mellom kjønna.