Stad Arbeidarparti

Bekymra for Stad skipstunnel

Stad AP ber innstendig om at det vert løyvd tilstrekkeleg midlar i Statsbudsjettet slik at Kystverket kan kome i gang med dette viktige utviklingsprosjektet for heile kysten.

Illustrasjonsfoto.   Foto: Kystverket

Meiningar

Stad AP ser med bekymring på at dagens regjering ikkje har inne pengar til Stad skipstunnell i statsbudsjettet for 2019.Stadhavet er i dag eit farleg havstykke som bremsar regulariteten på mange typar frakt til sjøs. Fiskebåtar, fôrbåtar, brønnbåtar og anna  type varetransport vert liggande og vente på gunstige vêrforhold. Det fører til dårlegare prisar og mindre påliteleg transport.

Hurtigbåtruta på kysten er ei viktig transportåre. Stad skipstunnel vil kunne knyte Vestlandet saman på ein heilt ny måte, og vi vil få ein mykje større bu- og arbeidsmarknadsregion frå Ålesund via Ulsteinvikområdet til Måløy/Florø.

Samferdsledepartementet har spådd stor auke i skipsfarten fram mot 2040, og Stad skipstunnel vil bidra til å auke tryggleiken for alle som trafikkerer Stadhavet, slik at meir gods naturleg kan fraktast med båt i staden for på vegane. Dette vil vere viktig for at Norge kan nå dei klimamål som er sett.

Arbeiderpartiet har både lokalt, regionalt og nasjonalt vore tydelege på kor viktig Stad skipstunell er. Stad AP ber innstendig om at det vert løyvd tilstrekkeleg midlar i Statsbudsjettet slik at Kystverket kan kome i gang med dette viktige utviklingsprosjektet for heile kysten.