Reiselivssamarbeid på Stad

Nye Stad kommune har siste tida hatt fleire møter ang stadsutvikling med fokus på reiseliv. På møte i operahuset 2. oktober kom det bl.a. fram at samarbeid er det folk meiner er viktigaste suksessfaktoren for å få til gode tilbod innan reiseliv.

Kvinner ved havet. Frå venstre: Bettina Vick, Mai-Hilde Eriksen, Lisbeth Drage og Bertine Fure Oksholen.   Foto: Privat

Meiningar

«Kvinner ved havet» er ei nettverksgruppe som har hatt fleire samarbeid som er gode eksempel på kva ein kan få til. Siste helga i oktober arrangerer vi tredje «Stormtur til Stadt – velværehelg ved havet» der Stadt Naturguiding står som hovudarrangør. Vi tilbyr guida tur, behandlingar, yoga, god mat og sosialt samvær over ei heil helg. Dei som er med er Furebuda på overnatting og mat, Stadt Kraniosakralterapi, Stadt Akupunktur, Slowtur og Stadt Naprapati med behandling, i tillegg til Bygda Yogaskule og Stadt Naturguiding. Her er og fleire andre aktørar som vi tenkjer det er naturleg å få til samarbeid med i framtida. Det skjer mykje positivt på Stad for tida som gjer at det er blitt enklare å kunne tilby ein full pakke for tilreisande. Målet er å gjere det attraktivt å komme hit og ha gode opplevelsar året rundt, uavhengig av årstid og vérmeldingar.

Stadt Naturguiding har hatt mange samarbeid gjennom åra, Stormtur og Stormkonsert er to eksempel på kva vi kan tilby. I november vert det igjen samarbeid med Stormkonsert ved Anja Midttun, der det vert tur, konsert og mat. Tidlegare har vi hatt slike opplegg på Selja kloster og på Ytre Fure, denne gongen vert det i Antonfloren på Drage. Bli med og nyt den stormfulle hausten på Stadt!