Kongens medalje

Til stormande juble og trampeklapp frå ein fullsett sal fekk operaparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich Kongens Fortenestmedalje etter på premieren av La Bohème onsdag kveld. Paret sjølve vart verkeleg tatt på senga, og ante ingenting.

  Foto: Tormod Flatebø

Vi er takknemleg for at vi har slike folk og eldsjeler i lokalsamfunnet.

Meiningar

Eventyret om Opera Nordfjord starta med ein draum om å sette opp ein opera for å alminneleggjere det som for mange blei sett på som «finkultur». For tjue år sidan var det mykje diskusjon, mellom anna om det var riktig bruk av kommunale pengar til å spytte inn i opera.