Leiar:

Region- og handelssenter

Alle vil ha utvikling og vekst, men alle får ikkje det. Nordfjordeid er eit døme på at det faktisk er mogeleg.
Meiningar

Men det kostar, og semje er ikkje alltid det mest iaugefallande. Den store snunaden på Nordfjordeid kom då Lidl valde å etablere seg, og Moengården flytta over Sjøgata og etablerte eit større handelshus. Det skal ikkje stikkast under ein stol at folk som dreiv handel i andre delar av sentrum var skeptiske. Nokre meinte at ein sterk konsentrasjon av større handelsverksemder i Sjøgata ville vere eit dødsstøyt mot Eidsgata. Det skal leggast til at også mange politikarar var skeptiske. Dei fleste meinte det var viktig å halde handelen konsentrert. Det vil seie i Eidsgata og Sjøgata. Spørsmålet ein kanskje bør stille er; Kva ville alternativet vere?

I dag kan vi registrere at det ikkje er plass til fleire større handelsverksemder på Nordøyrane, det utfylte området vest for Sjøgata. Dersom ein skal få plass til nye etablerarar som ønskjer å ta del i veksten og utviklinga, må ein finne andre område som eignar seg. Politikarane i Eid skal ha ros for at dei har vore framsynte nok til å sjå moglegheitene. For kort tid sidan bestemte politikarane at varehandel, også daglegvarehandel som ein del av noko større, kunne etablerast i Eid Næringspark på Stokkenes. Om dette ikkje er ei ønska utvikling for enkelte som er uroa over sentrum, så er det ei nødvendig utvikling om ein framleis ønskjer vekst og utvikling.

Det kan vere freistande å dra ein parallell til utviklinga Førde har hatt som handelssenter i fylket. Det var dei same diskusjonane der, som det ein har hatt og delvis har på Nordfjordeid. I Førde meinte den «gamle» handelsstanden i Sentrum Sør at framveksten ville føre til rein handelskannibalisme. For å gjere ei lang historie kort, så skjedde ikkje det. Det var plass til alle, fordi handel avlar handel. Dei store kjedene etablerer seg der folk er, eller dit folk reiser for å handle. Det vi opplever på Nordfjordeid i dag er det eit særs godt døme på at handel avlar handel. Utviklinga i Eid dei siste åra peikar i ein retning, nemleg at Eid er det naturlege regions- og handelssenteret i regionen.