Teie er ikkje alltid gull

I ein del samanhengar er ikkje å teie alltid gull. I tillegg handlar det også om kven vi skal ha tillit til.

Eid Rådhus.   Foto: Fjordabladet

Det handlar i høgste grad også om kven vi skal ha lit til

Meiningar

Vi har forståing for at kommuneleiinga i Eid ikkje ønskjer å føre eit offentleg ordskifte i til dømes personalsaker. Men det betyr ikkje at ein ikkje kan snakke om, eller svare på spørsmål av meir generell karakter som handlar om arbeidsmiljø, og om korleis tilsette innanfor enkelte kommunale avdelingar føler seg behandla. I dagens utgåve av Fjordabladet fortel vi om Willy Røysen som har fått alvorlege skuldingar retta mot seg. I to år har han kravd at kommuneleiinga dokumenterer påstandane. Det har kommuneleiinga ikkje ønskt å gjere. Som grunngjeving for å ikkje dokumentere påstandane nyttar administrasjonen lovparagrafar, som seier at i tilsettingssaker gjeld ikkje prinsippet om krav om grunngjeving.

Willy Røysen har vore tilkallingsvikar i den kommunale vernepleietenesta i 13 år, utan at leiinga har hatt merknader til jobben han har gjort. I oktober 2016 vart Røysen kalla inn til møte, der alvorlege påstandar vart presentert mot han. Det vart også, då og seinare, gjort klart at Eid kommune ikkje ville nytte Røysen som tilkallingsvikar i framtida. Det var i denne samanheng at Røysen sjølv og Fagforbundet kravde at påstandane mot han vart dokumenterte. Korleis ein greier å få ei sak, der arbeidstakaren blir fortalt at ein ikkje lenger har bruk for han til å bli ei tilsettingssak er rimeleg uforståeleg.

Vi skal ikkje fortelje kommuneleiinga at alle, uansett, har rett på å bli behandla på ein rettvis og god måte. Det trur vi at leiinga er klar over. Men i denne samanheng ser det ut som om det er naudsynt å minne om dette viktige og sentrale prinsippet. Det mest alvorlege i denne saka er at Røysen blir gjort rettslaus. Alvoret i saka er at det blir sett fram påstandar som er personleg belastande og langt på veg ærekrenkande, utan at den/dei som kjem med dei vil gjere det som er heilt sjølvsagt i ein kvar annan samanheng – å dokumentere skuldingar ein kjem med. I ein del samanhengar er ikkje å teie alltid gull. I tillegg handlar det også om kven vi skal ha tillit til.