LO i midtre Nordfjord er positive og utfordrar næringsliv i heile Nordfjord til vere med på aksjeteikning i Nordfjordbrua AS.

Selskapet er inne i ei fase som krev ein større aksjekapital og både Eid og Gloppen kommune har gjort sine vedtak med kr 1 mill på kvar og no er næringsliv, lag og privatpersoner som blir utfordra til å bidra.

I LO sine vedtekter står det i paragraf 2C  at vi skal " Delta i lokalt arbeids- og næringspolitikk arbeid, for å sikre full sysselsetting, næringsutvikling og gode velferdstjenester i kommunen(e)."

LO har vore med i styre og ein pådrivar for Stad Skipstunnel, no er bruprosjektet Nordfjordbrua ved Lote /Anda som skal jobbast fram til å bli realisert. Ei Nordfjordbrua ved Lote/Anda vil vere eit godt prosjekt som trafikkanalysen viser og som vart presentert i møte på Scandic Nordfjord hotell i mai.

LO i midtre Nordfjord oppmodar næringsliv og privatpersonar til å møte opp på Eid Rådhus torsdag kl 18 og Heradhuset Gloppen fredag kl 08, for å få siste nytt om prosjektet.