Når det første skipet legg til ved seawalken 21. mai neste år vil det vere eit historisk tidsskilje. Dei næraste åra vil bli eit viktig år for cruiseturismen på Nordfjordeid. Spørsmålet er kor godt førebudde vi er.

Dagens cruiseturistar kjem med buss til Eid, medan skipet er ankra opp ein annan stad. Då har dei berre 45 minutt på Nordfjordeid. Så kort tid har ført til at dei blir bussa gjennom Eidsgata. Her lokalt er det fleire som reagerer på turistbussane gjennom gata. Målet må vere å få turistane til å vere lenger, slik at dei legg igjen pengar i bygda.

I dagens avis kan du også lese om at det for neste år vert arbeidd med å lage ekskursjonar på to-tre timar rundt Nordfjordeid. Her er det snakk om at cruiseturistane mellom anna kan oppleve sykkelturar, fjellturar, guida spaserturar til Plassen, Eidsgata, gravhaugane, Sagastad og fjordhest. Cruiseday Nordfjordeid er eit omgrep som vert jobba fram.

Vi er samde i at for Nordfjordeid sin del er det avgjerande at ein utnyttar den store fordelen ein har med at ein kan gå rett frå skipet og spasere til den eine attraksjonen etter den andre.

For å få bussar og cruiseturistar til å stoppe over lengre tid er det goså naudsynt at det finnast tilstrekkeleg med offentlege toalett. I Olden opplevde dei i sommar reine do-krisa. Med berre eit offentleg toalett i bygda opparbeidde det seg raskt ei lang dokø, så kommunen måtte hive seg rundt å finne naudløysing.

Vi trur også det kan vere lurt at butikkeigarane på Nordfjordeid vurderer opningstidene sine – i alle fall dei dagane ein veit det kjem cruiseskip til bygda.