I det stille, medan dei fleste har vore i feriemodus, har NVE gitt SFE Nett og Stadnett løyve til å utsette fristen om å sanere vekk den gamle 132-linja.

Vi forstår godt grunneigarane i Leivdalen som no reagerer.

Riving av SFE Nett sine 132 kV-kraftleidningar på strekninga Moskog-Høyanger og Haugen- Leivdal var eit vilkår då det vart gitt konsesjon for bygging av 420 kV-kraftlinja frå Ørskog til Sogndal.

Det er viktig at rivinga blir gjennomført, og ikkje utsett med lange fristar.

Grunneigarane i Leivdalen er også grunneigarar i Fladalen, som blir brukt til tur og friluftsliv av mange. Her er verna vassdrag og aktiv seterdrift. At den gamle kraftlinja skal står der i fleire år er svært uheldig.

Det er pussig at SFE Nett og Statnett først no kjem med søknaden om utsett frist – heilt på tampen av når fristen for å gjere oppryddingsjobben er ute. Dei har hatt tida på seg, og visste at opprydding av den gamle linja var eit vilkår for å få konsesjon.

Vi er samd med Eidaordføraren i at det er uakseptabelt å utsette fristen i tre år, og at det er viktig at Olje- og energidepartementet no er strenge. Konsesjonsvilkåra må så langt som praktisk råd bli følgde.