Nordfjord sjukehus har akutt indremedisinsk beredskap heile døgnet, heile veka og heile året. Meir enn 80 prosent av alle akutte situasjonar er indremedisinske og vert behandla lokalt. Sjukehuset har også skadepoliklinikk med ortoped i vakt 24 timar i døgnet for å behandle skadar som ikkje krev operasjon.

Pasientar som skal ha trombolysehehandling, får dette på sjukehuset. Sjukehuset arbeider i nært samarbeid med sjukehuset i Førde og Haukeland universitetssjukehus (sjukehus i nettverk) slik at pasientane skal få rett behandling på rett stad så snart som mogleg.

Helse Førde har no vedteke å starte trombolysebehandling i sine ambulansar. Dette vil bli starta opp i haust.

Når det gjeld store skader har vi i Norge eit traumesystem. Haukeland universitetssjukehus (Helse Vest) og St. Olavs Hospital (Helse Midt) er traumesenter. Traumesentera tek i mot dei mest skadde pasientane etter gjevne kriterium. Førde sentralsjukehus (Helse Førde) og Ålesund sjukehus (Helse Møre og Romsdal) er traumemottak. Det er viktig at pasientane kjem på rett stad så raskt som mogleg.

I randsona mellom helseføretaka er det samarbeid mellom dei to AMK-sentralane om kor pasientane skal. Det er og tett samarbeid mellom AMK og ambulansane.

For Helse Førde er det viktig at det kjem ut korrekt informasjon om kva tilbod dei ulike sjukehusa gjev. Dette for at innbyggjarane skal kunne vere trygge på våre tenester.