UngData undersøkinga i Noreg er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokal kartlegging mynta på ungdom i grunnskulen og vidaregåande skule i Norge. Ungdata dekker heilskapen i ungdomens liv og omfattar et breitt spekter av temaområder (foreldre og venner, skole, lokalmiljø, fritidsaktiviteter, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoatferd og vold) – kjelde: Ungdata.no

Årets UNGDATA undersøkelse gjev som heilskap eit godt bilde av dagens ungdom der dei tilpassar seg verden omkring seg, er aktive og heimekjære. Men les ein undersøkinga nøye så er der ei urovekkande trend som forsterkar seg. Gutar slit meir enn det dei gjorde før. UNGDATA undersøkinga viser ei trend, ein auke, særleg blant gutar, som begår ulike former for regelbrot. Andelen som Stel og gjer hærverk aukar. Bruken av hasj eller marihuana aukar. Elevar på ungdomstrinnet skulkar meir.

Omfanget av sjølvrapporterte fysiske og psykiske helseplager fortsetter å auke. Auken er markant og gjelder både gutar og jenter og elever på ungdomsskolen og vidaregåande.

Det er og mindre framtidsoptimisme og lavare skuletrivsel blant ungdom i Noreg.

Ei stor utfordring som vert avdekka i UngData undersøkinga er at særleg gutar slit. Ein ser ei trend der gutane får større og større utfordring i skulen og vi finn dei igjen i statistikken over uføre, arbeidsledige og dei som fell utanfor.

Denne veka var det fyrste skuledag for mange fyrste klassingar. Gjennom 10 år i grunnskulen er målet at skulen skal gje eit likeverdig og tilpassa opplæring for alle barn og unge i eit samordna skulesystem bygd på ein felles læreplan. Målet er å gje grunnleggande ferdigheiter og oppleve mestring og utfordring i skulen.

Det kan sjå ut som at denne likeverdige og tilpassa opplæringa ikkje tar nødvendig omsyn til gutane sine behov og evner. Det kan sjå ut som færre har ei oppleving av meistring.

KRF har satt skulesatsing som eit av sine viktige og prioriterte oppgåve denne Stortingsperioden.

KRF ynskjer å innføre reglar om maks 15 elever per lærer i 1. – 4. trinn og maks 20 elever per lærer i 5. – 10. trinn. Gjennom tettare oppfylgjing av elevane vil ein redusere fråfallet og auke mestringsevna.

Av andre tiltak så vil  KRF

FÅ på plass mobbeombod i alle fylker, styrke skulehelsetenesta og innføre eit krav til maks antal elever per helsesøster.

REDUSERE testregimet og skjemaveldet i skulen, og la læreren være lærer

STYRKE yrkesfaga i videregåande skule

AUKE lærlingtilskotet.

KRF tar på alvor utfordringane som dagens ungdom møter og vil kjempe for ein skule som tar på alvor barn og ungdom sine behov og evner.