Vågsøy kommune har for lengst vedtatt at dei ikkje har pengar til å sikre Bryggja skule. Dei valde og legge ned bygdeskulen trass i vallovnadar om at det ikkje skulle skje. Resultatet blei stifting av Bryggja skule AS, og søknad til departementet om privatskuledrift.

Bryggja skule AS overtok i sommar ein skule som var ribba for alt av utstyr. Kommunen hadde henta det meste som ein har behov for når ein skal drive skule, og sommaren har vorte brukt til istandsetting, målearbeid og montering av utstyr. Både unge og gamle har stilt opp på dugnad for bygdeskulen. Då elevane kom denne veka vart dei møtt av ein nyoppussa skule, både inne og rundt på skuleområdet.

36 elevar tok denne veka til på den nye privatskulen på Bryggja. Og det er ungane som må stå i sentrum, det er dei som er framtida vår, og som skulle ha stått i sentrum også for Vågsøy kommune. Men for Vågsøy sin del såg det ut til å gå prestisje i saka, og dei gløymde å ta ansvar overfor barna som framleis ei innbyggjarar i Vågsøy kommune.

Det var til tider kaotiske tilstandar etter nedleggingsvedtaket, og elevar og foreldre gjekk i uvisse over kvar elevane skulle begynne på skule denne hausten. Det har også vore felt mang ei tåre som følgje av denne saka. No kan ein glede seg over at det igjen er skule i heimbygda.