Selje er ein av fem kommunar i landet der ein ikkje har vegadresser i det heile. No arbeider Selje kommune med innføring av vegadresser i heile Selje kommune. Til no har det kome inn litt over 30 forslag til vegnamn.

I Eid har stort sett alle innbyggjarane no fått eit vegnamn der dei bur. Men det er nokre få stadar det ikkje er endeleg avgjort, mellom anna fordi Statens kartverk protesterer mot lokale vedtak.

I dagens avis kan du lese om at grunneigarane på Myroldhaug er klar i si tale. Dei ønskjer å behalde det gamle namnet Myroldhaug. Den lokale namnenemnda støttar dei. Det har også kommunestyret i Eid gjort, noko kartverket no har protestert på. Kartverket meiner hardnakka at namnet bør vere Myroldhaugen.

Vi forstår frustrasjonen til grunneigarane. Myroldhaug har det heitt i uminnelege tider, og er det historisk korrekte namnet trass i at kartverket vedtok Myroldhaugen som namn på området i 1994.

Namna som skal brukast bør ha rot i fortida. Området det her er snakk om består også av fleire haugar og fleire gardar over eit langstrakt område.

Grunneigarane viser til at gardane har hatt namnet Myroldhaug i alle år, og ikkje med en-ending. Vi forstår at dei ikkje ønskjer at nokon skal klundre til det spesielle namnet som ikkje finnast andre stadar i landet.