Politikarane i Teknisk- samfunnsutval har i dag fått ei politisk nøtt i fanget som det kan by på utfordringar å knekke. Det handlar om reguleringsplanen for Eid Næringspark opnar for å drive detaljhandel, i dette tilfelle ordinær daglegvarehandel, i det aktuelle området. Eid Industrihus KF har tidlegare selt store delar av Eid Næringspark på Stokkenes til Retail Eigedom AS. På tidspunktet for sal var det vel kjent både for seljar og det politiske miljøet i Eid at daglegvarehandel ville bli ein del av det utbygde området. Det kan godt tenkast at ordlyden i planverket er ein smule uklar. Men hensikta med det vedtaket som politikarane i si gjorde for det aktuelle området langt frå uklar.

I mange år har det vore eit mål å halde sentrum på Nordfjordeid samla. Heilt konkret har det betydd at det meste av detaljhandel som ikkje er eller har vore spesielt plasskrevjande skulle vere samla i sentrumssona på Nordfjordeid. No kan ein sjølvsagt drøfte kva som er «sentrumssone» i og med at arbeidet med å trekke desse grensene ikkje er endeleg fullført. Uansett så har det vore ein intensjonen om at etablering av, til dømes daglegvarehandel, ikkje skulle skje i dei område vi her snakkar om. Vi vel å tru at bakgrunnen for denne haldninga har vore av omsyn til Eidsgata, som mange hevdar er i ferd med å forvitre som handelsgate. Rett eller feil, omsynet til Eidsgata bør framleis vere langt framme på tunga, når politikarane i dag skal ta stilling til om det er opning for å drive detaljhandel som ikkje er spesielt plasskrevjande i det aktuelle området.

I saker som dette er det viktig at «lova er lik for alle». Politikarane i Eid har tidlegare sagt nei til daglegvarehandel i Lunden/Skaffarmarka, dersom det ikkje er ein mindre del av noko større. I og med at det er gjort slikt vedtak, er det nærliggande å seie at det same må gjelde for andre område litt utanfor sentrum. Uansett kva politikarane bestemmer seg for, omsyn til Eidsgata og eit fortetta sentrum, eller opning for daglegvarehandel i randsona til sentrum, så vil det møte motstand. Difor er det viktigaste no å vise kven det er som bestemmer til sjuande og sist.