Dette er ein fin auke frå i fjor. På nasjonalt nivå viser tala at 49,5 % av elevane søkjer ei fagutdanning. Det er svært gledeleg og viktig for nærings- og arbeidslivet at tal søkjarar aukar. Undersøkingar både i LO, NHO og NAV viser at det er stor mangel på faglært arbeidskraft innan bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, matfag samt helse- og oppvekstfag.

Næringslivet og kommunane skrik etter personar med fagbrev eller anna fag- og yrkesutdanning.  Arbeidsinnvandringa til fylket og landet vårt skuldast m.a. mangelen på kvalifisert arbeidskraft. Etterspørselen etter faglært arbeidskraft vil auke i åra framover. Særleg vil det bli behov for meir arbeidskraft innan omsorgsfaga. Tilgang på faglært arbeidskraft er elles ein av dei viktigaste føresetnaden for å få til vekst i tal arbeidsplassar og auka verdiskaping i næringslivet i fjordfylket.

Tala frå Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen viser at det er venteliste på mange av yrkesfaga ved skulane i fylket. På dei studieførebuande faga er det derimot mange ledige plassar. Det er flott med auka søknad på yrkesfaga. Men dette må næringslivet og kommunane følgje opp med å skaffe fleire læreplassar. Det er mange bedrifter og kommunar som må ta inn fleire lærlingar. Ei utdanning innan yrkesfag startar som hovudregel med to år på ein vidaregåande skule og deretter to år i lære i ei bedrift. Etter fullført læretid går alle opp til fagprøve og får eit fagbrev. Seinare kan ein ta meisterbrev.

Etter fullført fagbrev og evt. praksis ligg også vegen open for høgare utdanning. Det er diverre alt for lite kjennskap til denne utdanningsvegen. Eitt år med påbygg i allmennfag til generell studiekompetanse er ei mogelegheit. Y-vegen til ein fagskule eller ein høgskule eller eit universitet er ein annan utdanningsveg. Er du t.d. elektrikar med fagbrev, kan du kome direkte inn på elektroingeniør-studiet utan å ha generell studiekompetanse.

Bedriftene våre vil ha den beste arbeidskrafta. All erfaring viser at dei mest etterspurde ingeniørane er dei som har arbeidserfaring gjennom eit fagbrev. Desse har med seg praktisk arbeidserfaring og ein kompetanse som er "gull verdt" for næringslivet. Ein annan fordel med å velje yrkesfag, er at det er lett å komme seg ut i arbeidslivet. I læretida har lærlingane også løn sjølv om den ikkje er særleg høg. På denne måten opparbeider ein seg ikkje studiegjeld.

For at nærings- og arbeidslivet skal få tilgang på faglært arbeidskraft, er det viktig å heve statusen til yrkesfaga og få fleire til å velje denne utdanningsvegen.  Regjeringa og partane i arbeidslivet m. fl. (LO, NHO, KS) har i 2018 gjennomført informasjons- og omdømmekampanjen "Yrkesfaga sitt år". Kampanjen som har gått i sosiale midier og på nett, har hatt som mål å gje meir kunnskap til dei unge om yrkesfaga og arbeidslivet. Det har også vore eit mål for prosjektet å auke tal lærebedrifter og læreplassar. Kampanjen ser ut til å ha gitt positiv effekt både lokalt og nasjonalt. Men det er også viktig at vi kvar på vår plass må  bli langt flinkare til å framsnakke og marknadsføre yrkesfaga i den vidaregåande skulen. På denne måten kan vi få fleire elevar til å ta ei yrkes- og fagutdanning.