Tryggleiken står i fokus når så mykje folk er samla samtidig på ein liten stad som Eid. Politi og festivalleiinga riggar seg. Ein aukar vakthaldet, og set inn meir politi. Også narkotikahund vil vere på plass, og sjansen for å bli tatt er stor om ein har med narkotika.

Nytt av året er at aldersgrensa for å sleppe inn på festivalcampen er endra frå 16 til 18 år. Det er på tide, og vi er samd med politiet om at det blir heilt feil at ein 360 dagar i året må vere 18 år for å drikke alkohol, medan det til no har vore 16 år på Malakoff. Og vi veit alle at det er mange 16-åringar som har debutert med drikking nettopp på campområdet.

Samtidig vert det i år ei utfordring å få 16- og 17-åringane inn på sjølve festivalområdet, og at dei ikkje berre skal vanke i Sagaparken eller andre stadar i sentrum – no når dei ikkje slepp inn på campen.

Politiet minner om at foreldre har eit stort ansvar når så mykje folk er samla på festival. Og kjære foreldre, festivalen er ikkje tid og stad for å slå ut håret og ta heilt av med festing. Skulle det plutseleg skje ei uventa hending er det viktig at ungdommen din har ein edru vaksenperson som kan stille opp.

1.200 frivillige er involverte for at Malakoff Rockfestival kan gjennomførast. Det er ingen sjølvfølgje at folk stiller år etter år, men dei gjer ein enorm jobb for at små og store kan kose seg på festivalområdet. Det er eit stort apparat i gang for at alt skal gå mest mogleg knirkefritt.

Vi kan vente oss tre heseblesande festivaldagar, der vi i Fjordabladet skal gjere vårt for å fortelje frå livet på festivalen. God festival!