Eid Gatematfestival vart ein suksess – for andre året på rad. Tusenvis stimla saman tett i tett i Eidsgata laurdag for å oppleve aromatiske smaksbomber, og ein rekna med at 3.000 kom for å oppleve dette også i år.

I fjor vart arrangørane og kokkane tatt litt på senga over den enorme oppslutninga. I år var det mat nok til alle, fleire kokkar, og mindre køar.

Gatematfestivalen har treft ein nerve. Dette er noko vi vil ha meir av.

Frå før har vi Malakoff Rockfestival og Opera Nordfjord som har sett Eid på kartet. Den nye gatematfestivalen samlar kokkar og lokalmat frå heile Nordfjord, og viser at ein også er i ferd med å bli ein matdestinasjon. Dette viste også under Påsketreffet i Operahuset, der du fekk servert mat frå heile Nordfjord. Kortreist er bra.

Det er flott at ein klarer å byggje opp ulike mattilbod, og det bør vere plass til ulike konsept.

Formålet med gatematfestivalen er å skape liv og røre på Nordfjordeid. Stimulere til handel, skape matglede og forståing for god mat og drikke.

Vi trur initiativtakar Leon Knapskog har rett når han seier at ein neste år kanskje må tenkje litt annleis – nye måtar å gjere det innanfor ramma av det ein allereie held på med.

Ein kan ikkje gjere det same kvart år. Kanskje bør ein ha aktivitetar, musikk i gatene og uteservering også på kveldstid.

At gatematfestivalen, matsalet og butikkane elles stengjer klokka tre ein laurdag ettermiddag gjer at det er eit vakuum. Vi registrerer at mange ønskjer noko meir.

Folk har allereie begynt å kome heim til Eid på ferie, både for å få med seg gatemat og rockefestival. Klarer ein å få til eit utvida tilbod også etter stengetid er det mange som vil sette pris på det, i staden for at det skal vere ei sommardød Eidsgate på ettermiddag og kveld.