Gangbrua vil knyte Sagaparken i hop med området nord for Fargarelva, heilt ut til moloen og småbåthamna i Prestevika. I tillegg vil den vere positiv for dei som driv næring og servicetenester på Nordøyrane.

Kommunen bidrar med rundt 800.000 kroner til prosjektet. Ein kan gjerne seie at det er mange andre og meir viktige ting å bruke pengar på, og isolert sett er det lett å seie seg einig i det. Men ser ein på gangbrua som ein del av heilskapen i den store endringa av sjøkanten på Nordfjordeid, er det lett å støtte dette offentlege tilskotet.

Gangbrua vil gje Sagaparken ein ekstra kvalitet, ved at ein kan gå direkte over til serveringsstaden på andre sida av Fargarelva. Dette vil bli flott for dei mange besøkande. Det vil også gje serveringsstaden nye moglegheiter. Dette er ein bransje der det er svært vanskeleg å drive lønnsamt, spesielt på bygda, men som er viktig for ein stad som er i ferd med å bygge seg opp som turistdestinasjon. Det å ha serveringsstader som over tid klarar seg økonomisk, seier også noko om kva slags stad ein bur på. Det sender eit signal om at dette er ein stad der folk trivast.

Gangbrua er ein liten del av ein totalpakke, nemleg dei store endringane som er gjort i strandlinja på Nordfjordeid dei siste åra. Når alle utbyggingane er ferdige, vil ein kunne gå på gangvegar og fortau langs heile strandlinja. Til forskjell frå tidlegare vil ein no gå gjennom eit flott parkområde, forbi Sagastad og vidare nedanfor nærings- og bustadbygg. Ein kan gjerne kritisere dei estetiske kvalitetane ved nokre av utbyggingane, men ein bør også vere realistiske og innsjå at ingenting ville ha blitt gjort utan at også dette var ein del av totalpakken. For det er akkurat det som ville vore alternativet - at ingenting hadde blitt gjort. Og den som i fullt alvor meiner at det ville vore eit betre alternativ, bør tenke seg om eit par gonger til.