For bøndene er sommaren ei travel tid, og bøndene i Sør-Norge lengtar etter litt regn. Så langt kan ein sjå tilbake på ein sjeldan tørr sommar. Fleire stadar i landet gir dette seg utslag i lite fôr. På Stadlandet har dei hatt verste tørken på 25 år. Tørken gir fôrkrise for bøndene, kan du lese i dagens avis.

Mange nordmenn var tidleg ute for å sikre seg feriebillettar til sol og varme, med friskt i minne ein dårleg og våt fjorsommar.

Nokre må alltid til utlandet for å kalle det ferie. Fleire set no søkjelyset på barn som føler seg utanfor om sommaren eller det at familiar ikkje har råd til ferieopplevingar.

Det er stor forskjell på å velje å bli heime i ferien, og det å ikkje ha moglegheit til å reise på ferie. Men det kan ikkje vere slik at barn vert mobba fordi familien ikkje har vore på ferie i utlandet i sommar.

Vi slår eit slag for ferie i nærområdet. Reiselivet i Nordfjord lokkar med opplevingar frå fjord til bre, og tusenvis av turistar kjem til Nordfjord for å oppleve nettopp det unike vi har å tilby.

Vi må ikkje nødvendigvis koste på oss dyre utanlandsferiar for å ha fine opplevingar saman med barna våre i sommarvekene.

Det viktigaste er at barn trivast og har det bra, for glade barn gir glade foreldre. Om ein spør nokon kva dei sette mest pris på frå sommarferiane då dei var yngre, er det nok mange som vil trekke fram dei små, nære opplevingane saman med familien.

Det kan vere så enkelt som å bade i Hornindalsvatnet eller på Refviksanden, ein tur til Briksdalsbreen eller Vestkapp, eller å vakne til soloppgangen etter å ha sove i telt på ein fjelltopp.