Nyleg hadde vi artiklar om at mange elevar på vidaregåande skule slit. Ungdata 2017 på Eid vidaregåande skule viste at mange er einsame og har fysiske plager.

Det er urovekkjande tal som kjem fram frå fjoråret, spesielt når det gjeld jentene si psykiske helse.

Heile 51 prosent av jentene på Eid vgs svarte i fjor at dei har følt at alt er eit slit. Mange oppgir at dei har hatt søvnproblem, kjent seg ulukkelege, trist eller deprimert. Heile 39 prosent har kjent håpløyse med tanke på framtida.

I dagens avis viser rektor Ove Bjørlo til kjemperesultat på eksamen. Aldri før har det vore så gode gjennomsnittstal for skulen.

Dette er flotte prestasjonar, og all ære til elevane som har slite hardt for gode karakterar. Men det er også slik at det er mange elevar som slit like mykje for å oppnå ein trear i eit fag eller det kan vere ein stor siger i seg sjølv å klare å gjennomføre vidaregåande skule i det heile.

Unge i dag skal prestere både innan idrett, musikk og andre aktivitetar. Det er eit press i forhold til kle og kropp. Ein skal ha bra utsjånad og klede. Ungdom opplever å bli utestengt – også i vår eiga kommune. Å få beskjeden «Sorry, her er ikkje plass til deg», er tøft for unge å oppleve, og er eit sitat henta frå eit innlegg vi fekk i avisa frå ein vaksenperson.

Det er press frå alle kantar – også skulen. Vi trur rektor har rett når han påpeikar at vi må ikkje stigmatisere og sjukeleggjere ungdommen. Men det at det er mange unge som slit psykisk er eit samfunnsproblem. Vi må alle ta eit ansvar. Ungdom må bli sett og følgjast opp.