Vi trur denne endringa kan vere positiv for utviklinga av Nordfjordeid, og det viser at desse utviklarane har stor tru på satsing her.

Nordfjordeid ligg midt i ein region med svært mykje aktivitet, og vert sett på som eit perfekt utgangspunkt for nyskaping og utvikling. Det har blitt ein tettstad med ei rivande utvikling.

Vi har skrive det før og gjentek det igjen. No må politikarane ha ein klar tanke om kva dei vil med Nordfjordeid og utviklinga. Dei har gjennom tiår jobba for å halde eit sentrum samla. Få andre stadar kan skilte med ei handlegate og eit sentrum i kort gåavstand frå kvarandre. Dei utfyller og er avhengig av kvarandre.

Regionsentertanken har vore eit stridstema, men ein kjem ikkje vekk frå at Nordfjordeid av naturlege årsaker ligg midt i Nordfjord. Dermed er det også naturleg at det er her ein finn handelssenteret.

Men det er ikkje berre handel som skal gjere sitt til at ein får utvikling og vekst. At ein kan tilby byggjeklare tomter og ferdigstilte næringsareal er naudsynt for å ligge i framkant av utviklinga. Samtidig må ein ikkje sleppe laust resten av arealet i Eid næringspark, fordi den første og beste utviklaren vil utvikle heile området sjølv. Om nokre få år trur vi at det er fleire store aktørar som står på trappa og bankar på, og kan tenkje seg etablering på Nordfjordeid.

Vi er samd med Kjell Storeide som i dagens avis seier at det ikkje er alle tomter i sentrum som er brukte opp. Det er mange interessante område som kan gjerast meir med, men då må kanskje nokre hus rivast og ein må tenkje fortetting.

Typisk for sterke sentra er kanskje nettopp evna til konsentrasjon.