Det var ingen sjølvfølgje at Eid skulle få dette nye utdanningsprogrammet. Det var allereie fylkesdekkjande automasjonslinje i Årdal, og fleire frykta at nordfjordingane skulle stikke av medlærlingplassane til dei som går i Årdal.

Denne frykta er no gjort til skamme. Alle dei tolv avgangselevane frå Eid har funne sine egne lærlingplassar, fordelt på Eid, Stryn, Loen, Måløy, Ålesund, Bergen og Statoil. Automasjonslinja har eit nært samarbeid med det lokale næringslivet, noko som er viktig.

Lokale bedrifter som aldri før har hatt automasjonslærlingar satsar no på dette, fordi dei ser kor viktig det er å byggje opp kompetanse med eigne folk.

I Nordfjord veks elektro og automasjon fram som ei stor og framtidsretta næring, og Eid vgs. samarbeider tett med næringslivet.

Moderne industri blir stadig meir automatisert, og høgt kvalifiserte fagarbeidarar innan automasjon er viktig.

Lærarane ved automasjonslinja på Eid vgs. får skryt for å sjå kvar enkelt elev og tilpasse opplæringa slik at ein når sine mål. Elevane føler lærarane er meir kollegaer dei kan diskutere med.

Vi gleder oss over at satsinga på automasjon på Eid vidaregåande skule har vore vellukka. Dette er med på å bida til at ein får større fagmiljø lokalt, og meiner linja må ha kome for å bli. Næringslivet i Nordfjord treng den for å sikre rekruttering.