Kva teikn underbyggjer og uttrykkjer fellesskapskjensla til folk i Selje og Eid? Eit heilt sentralt spørsmål når dei to kommunane no skal velje kommunevåpen. Er Fjordhesten og Sankt Sunniva det viktigaste? Innbyggarane i dei to kommunane har kome med sine forslag. Dei er arkiverte, og blir kanskje tatt fram om femti eller hundre år for å vise kva innbyggarane i det som vart Stad kommune då var opptekne av. Det er ingen enkel eller demokratisk prosess, men den kunne blitt endå vanskelegare om vi var endå fleire som skulle bli til ein.

Når Hordaland og Sogn og Fjordane går saman i eitt fylke i 2020, skal også dei finne eit symbol som bind saman Sogn og Fjordane og Hordaland i det nye fylket – Vestland. Fylkesvåpenet skal, som kommunevåpenet for Stad kommune, vere eit teikn som uttrykkjer fellesskap, som viser kva det tyder å vere vestlending, og kva det som er særmerke og/eller historisk forankring. Byråkratar frå dei to noverande fylka inviterer folk til å kome med sine forslag, og vere med på å stemme fram folkefavoritten. Det er vel det som blir det folkelege og «demokratiske» engasjementet. Innbyggarane i dei to fylka, på same vis som i Eid og Selje, fekk ikkje seie ja eller nei til samanslåing gjennom ei folkerøysting. Dei får truleg heller ikkje siste ord når det gjeld fylkes- og kommunevåpen.

Eid og Selje starta prosessen med nytt kommunevåpen tidleg. Innbyggarane, frå barnehageborn til 100-åringar, vart inviterte til å kome med forslag. Det skal leggast til at Fjordabladet var først ute. I april 2017 inviterte avisa barnehagebarn og karane som dagleg løyser små og store utfordringar over kaffikoppane, til å kome med forslag til kommunevåpen til Stad kommune. Forslaga Fjordabladet fekk inn vart overlevert til Eid-ordføraren som meinte det var fleire moment som kunne vere aktuelle. Der står saka i dag. Kva symbol Stad får, blir no opp til dyktige designarar. Poenget er at det folkelege no er over. Vi får vone at demokratiet ikkje lir same skjebne.